Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Reguleringsplan for Beitostølen sentrum til offentleg ettersyn

Bst sentrum perspektiv - Klikk for stort bilete Planen er no lagt ut til offentleg ettersyn og oppstart av utbyggingsavtale er kunngjort. Føremålet med planen er betre fotgjengarmiljø og trafikkavvikling og utbygging av forretningareal, leiligheiter og parkering. Planområdet omfattar det indre sentrum.

Merknadsfristen er 10.08.2017

Bst sentrum plankart - Klikk for stort bilete Merk at det er plankartet og føresegnene som er den foreslåtte juridisk bindande planen. Digitalt plankart finn du ved hjelp av denne rettleiinga eller via denne direkte linken.

Resterande dokument er grunnlagsdokument. Formannskapssak 44/17 gir ei kort innføring i planmaterialet og innhaldet i dei ulike vedlegga. Alle vedlegga til formannskapssaka finn du her.

Innspel må vere skriftlege. Du har tre alternativ for å gi innspel til planen:

  1. Brev til: Øystre Slidre kommune, planavdelinga, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
  2. E-post til: post@oystre-slidre.kommune.no
  3. Bruk «send uttalelse» i webkartet
Sist endra 15.08.2017
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune