Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Reguleringsplan for Sørre Garli til offentleg ettersyn

Markahovda - Klikk for stort bilete

Reguleringsplan for "Sørre Garli og del av Garlislette" er med dette lagt ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova § 12-10. Det er plankartet og føresegnene (PDF, 120 kB) som er dei foreslåtte juridisk bindande dokumenta.I delegasjonssak 004-17 (PDF, 671 kB)framgår alternative forslag om høgde og samanslåing av tomter.

Med dette varslar vi også oppstart av forhandling om utbyggingsavtale for området, jf. plan- og bygningslova § 17-4.

Merknader til reguleringsplanen eller utbyggingsavtalen kan sendast til post@oystre-slidre.kommune.no eller til Øystre Slidre kommune, Plan, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes innan 18.04.2017.

Planområdet ligg vest for Markahøvda og Beitostølen, på sørsida av fv. 51. Føremålet med planen er hyttebygging, skiløype, varmestove og universelt utforma turveg til Beitotjednet.

Vedlagt under vedlegg i høgremenyen er det foreslåtte juridisk bindande plankartet. Vedlagt er også bakgrunnsinformasjon og beslutningsgrunnlag. Det gjeld saka i formannskapet, planskildringa, ROS-analysen, rapport om overvatn og vurdering av alternativ tilkomstveg.

Aktuelle tema for utbyggingsavtalen vil vere ansvarsfordeling i samband med bygging av vatn- og avløpsnett, el og tele, parkeringsplass, turvegar, vegar og skiløyper, herunder planskilt kryssing. 

Digitalt kart finn du ved å følgje denne instruksjonen.

Postjournalen med alle journalførte dokument i saka etter 1/7-2016 finn du her. Dei nyaste dokumenta er nederst.

Sist endra 08.03.2017
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune