Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

SMIL-midlar - søknadsfrist 1.juni

 

Spesielle miljøtiltak i jordbruket– såkalla SMIL -midlar

Årsramma for Smil midlar til kommunane i Oppland er no fordelt. Ein har i lang tid i vår kommune hatt utfordringar med at omsøkte SMIL-prosjekt ikkje blir gjennomført. Tildelt tilskot til slike prosjekt blir inndratt, men kan framleis nyttast  i kommunen  til andre miljøprosjekt som fyller krava i retningslinene for ordninga.

Det er beklageleg at vi av denne grunn ikkje får tildelt  så mykje ”friske” tilskotskroner som ønskeleg.  Ein må bruke  opp dei inndregne tilskota først. Og det skulle ikkje mangle på oppgåver.

Mange har t.d gamle og verneverdige bygg som treng eit vedlikehald om dei ikkje skal gå til grunne. Kommunen vil derfor oppfordre dei som har slike bygg om å ta kontakt, slik at vi saman kan koma fram til løysingar som  kan redde denne kulturarven .

Vidare er det no eit sterkt prioritert område å nytte SMIL– midlar til mindre investeringprosjekt på stølane. Dette gjeld  t.d bygging av mjølkerom, tilrettelegging for mjølkehenting o.a. Ta kontakt for å drøfte prosjekt

Nemnda for kultur, utvikling og næring vedtok i desember  2013 ein ny SMIL-strategi for Øystre Slidre. Denne strategien bygger på nasjonale retningsliner, men gir rom for ein del lokale tilpasningar. Ein har i denne strategien prioritert å støtte tiltak som kan hindre forureining.

SMIL- ordninga er i elles stor grad ei tilskotsordning som skal ta omsyn til tiltak som  fell utanfor andre ordningar, eller stimulere til  tiltak der den privatøkonomiske  nytten kan synast liten, men der samfunnsnytten er stor.

Meir info i utsendt informasjonsfolder.det vil likevel vera slik at ein må prioritera mellom ulike hovudområde , tema/tiltak eller grupper av søkarar.

Det er no berre dei som søkjer om produksjonstilskot som kan søke innanfor denne ordninga !

Søknadsfrist 1. juni på fastsett skjema.

 

Sist endra 23.05.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune