Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

Utstyrssentralen i Øystre Slidre

Kommunevåpen Øystre Slidre - Klikk for stort bilete Utstyrssentalen i Øystre Slidre tilbyr lån av utstyr til varierte aktivitetar både sommar og vinter og er eit samarbeidstiltak mellom Skogprodukt og Frivilligsentralen i kommunen. Formålet med utlån er å stimulere og gje alle høve til å delta i fysisk aktivitet og friluftsliv. Skular/barnehagar, lag og organisasjonar, familiar og enkeltpersonar kan låne sports- og friluftsutstyr gratis. 

Fram til september er utstyret lagra på Moatunet og Furustrand. Frå 1. september vil utstyrssentralen bli lokalisert i eit eige lager ved Kraftlagsbygget, Vindevegen 5 (bak Sebu Bil og Bensin).

Opningstider: Frå skuleslutt til skulestart vil alt utstyr til vassaktivitet vere lagra på Furustrand og blir lånt ut av kioskvakta der kvar dag kl.12.00 -17.00. Alt anna idretts- og friluftsutstyr som ikkje er lagra på Furustrand, blir lånt ut måndag - fredag kl.08.30 - 16.00.

Kontakttlf. er 976 05 755 (Frivilligsentralen), 975 31 190 (Skogprodukt), 61 35 25 00 (Sentralbordet Tingvang)

Brosjyre for utstyrssentralen finn du her (PDF, 251 kB)

Oversikt over kva som er til utlån finn du her (PDF, 20 kB)

Sist endra 16.06.2017
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune