Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt

VVA plan høyring og offentleg ettersyn

Furustrand sommer.JPG - Klikk for stort bilete

Framlegg til kommunedelplan for vassmiljø - vassforsyning – avløp vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, jfr.  plan- og bygningslova § 12-10 og vedtak i Formannskapet sak 16/1347.  Planområde for planen er heile kommunen, og planperioden er 2017 – 2027. Planen er utarbeida som temaplan i samsvar med reglane i plan- og bygningslova. Planen omfattar statusbeskriving for forvaltningsområda vassmiljø, vassforsyning og avløp. Vidare mål og delmål for forvaltningsområda samt tiltaksanalyse og handlingsprogram.

Høyringsfrist er 15.10.17, merknader eller innspel kan sendast til post@oystre-slidre.kommune.no

Planen er utarbeida  for områda vassmiljø, vassforsyning og avløp. Dette legg til rette for å sjå mål og område i samanheng, noko som også bidreg til måloppnåing  i høve til ‘vassforskrifta’ sine mål om vern og berekraftig bruk av vassførekomstane. Nyleg vedtatt (23.10.2014) samfunnsdel til kommuneplan etablerer følgjande visjon for kommunen: Øystre Slidre - Rein naturglede. Utarbeiding av VVA plan vil være eit bidrag til konkretisering av visjon. Nyleg vedtatt arealplan (26.01.17) legg også vesentleg føringar for VVA plan gjennom etablering av infrastruktursoner med krav om fellesløysingar for vassforsyning og avløp.

Vedtatt planprogram pkt. 5 definera hovudinnhald i ferdig plan, og følgjande hovudkapittel er innarbeida i plan:

 

  1. Rammevilkår

6. Mål og delmål vassforsyning

  1. Vassmiljø – vassforvaltning

7. Mål og delmål avløp

  1. Landbruk

8. Tiltaksanalyse

  1. Avløpsanlegg

9. Økonomiske og administrative konsekvensar

  1. Vassforsyning

10. Handlingsprogram

  1. Mål og delmål vassmiljø
 

 

Planen omtalar totalt 34 tiltak med total kostnadsramme på 664 mill. kr. Handlingsprogram omfattar 29 tiltak med total kostnadsramme på 531,7 mill. kr.

Plandok høyring finn du her (PDF, 10 MB)      Sak FS 240817 finn du her (PDF, 65 kB)

Separat avløpsanlegg.jpg - Klikk for stort bilete

Lokalt reinseanlegg.jpg - Klikk for stort bilete

Sist endra 30.08.2017
Meir informasjon (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune