Samarbeid

Samarbeid

Samarbeid

Samarbeid

Samarbeid

Samarbeid

Publisert 23.06.2017
Flight Mode

 "Flight Mode" med Jonas Nordås Nedrelid, Kristin Helle Jørstad og William Dalen vann drømmestipendet 2017. Stipendet vart overrekt på avslutningen for videregåande på Leira torsdag kveld av to representantar frå Kulturskulerådet, kulturskulerektor og ordførar. Alle prisvinnarane har vore elevar i kulturskulen i mange år, dei har kome vidare til Landsfestivalen i UKM, og dei har delteke på Trollrock. Dette kom heilt overraskande på prisvinnarane og dei kvitterte med ein sjølvlaga låt.

Publisert 22.06.2017
Fjellstafettlogo

Sundag 25.juni startar Fjellstafetten med 12 flotte turar til toppar i Øystre Slidre. Det er kasser på alle toppane, og stafetten varar til 8.oktober. Skriv namnet ditt og adressa di i boka, last ned Fjellstafettbrosjyra (PDF, 2 MB) her. Turforklaringar og kart (PDF, 4 MB) finn du her. Fyll ut dato-og kodeloggen, og lever brosjyra til resepsjonen på kommunehuset på Tingvang innan 17.oktober.

Dersom du har barn som går i barnehage eller skule i Øystre Slidre, kan du i tillegg laste ned skjemaet for skule- og barnehagetevlinga (PDF, 12 kB)God tur! 

Publisert 16.06.2017
Legekontoret

Som følgje av overgang til ny elektronisk pasientjournal ved legekontoret har brukerkontoer for elektronisk timebestilling og fornying av resept blitt deaktivert. Dette medfører at man ikkje får logga inn, ein får heller ikkje tilsendt nytt passord. Problemet gjelder alle brukerkontoer som er opprettet før 30.april 2017. Vi ber alle som har problemer med å logge inn om å ringe legekontoret på tlf 61 35 29 00 slik at brukerkontoen kan bli opna. Ein får da tilgang med same passord som tidligare.

Publisert 15.06.2017
Kommunevåpen ØSK

Utstyrssentalen i Øystre Slidre tilbyr lån av utstyr til varierte aktivitetar både sommar og vinter og er eit samarbeidstiltak mellom Skogprodukt og Frivilligsentralen i kommunen. Formålet med utlån er å stimulere og gje alle høve til å delta i fysisk aktivitet og friluftsliv. Skular/barnehagar, lag og organisasjonar, familiar og enkeltpersonar kan låne sports- og friluftsutstyr gratis. 

Regionen Valdres natur- og kulturpark

Øystre Slidre i media

Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune