Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Arealoverføring

Beskriving

Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering. Ei arealoverføring krev at ein har halde ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedommane er klarlagde og beskrivne. Derimot slepp du å opprette ein eigen grunneigedom, tinglyse skøyte og slå saman eigedommane. Arealoverføring skal registrerast i matrikkelen (det offisielle registeret over fast eigedom), og kommunen skal sørgje for tinglysing.

Oppdatert

23.06.2016 09:28

Kriterium

Det må som hovudregel liggje føre eit løyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningslova. Nødvendige erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet må òg liggje føre. Festegrunn kan likevel ikkje endrast med arealoverføring.
 

Målgruppe

Registrert eigar av grunneigedom, anleggseigedom eller registrert jordsameie

Pris

Kommunestyret fastset storleiken på gebyret. Gebyret kan ikkje setjast høgare enn det som kjem fram av sjølvkostprinsippet.

Handsaming

Kommunen innhentar nødvendige opplysningar og gjennomfører oppmålingsforretning med arealoverføring etter endeleg vedtak etter plan- og bygningslova. Det blir skrive ut eit matrikkelbrev som sendast til rekvirenten.

Handsamingstid

Når det ligg føre eit endeleg vedtak etter plan- og bygningslova, skal kommunen ferdigbehandle saka (medrekna å fullføre matrikkelføringa) som hovudregel innan 16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt.

Klage

Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har teke imot matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på arealoverføringa. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Dersom kommunen lèt avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Partane er ansvarlege for å skaffe nødvendige erklæringar og sender alle nødvendige dokument samla til kommunen. Selgjaren skal godtgjere at oppgjersform er avtalt og at oppgjeret er sikra. Ta eventuelt kontakt med ein advokat eller eigedomsmeklar for å få bistand.

Referansar

Sist endra 05.10.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune