Barnehageplass

Beskriving

Du har rett til barnehageplass frå august dersom barnet ditt fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året du søkjer, og du har søkt før fristen for hovudopptaket har gått ut. Dersom barnet ditt er under eitt år, kan du få tilbod om plass dersom det er ledig kapasitet.

Barn som fyller eitt år i september eller oktober det året det blir søkt om barnehageplass, har  rett til å få plass frå den månaden barnet fyller eitt år.

Barnehagen skal i samarbeid og i samråd med heimen ta vare på barnet sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Det skal takast omsyn til:

  • alderen til borna
  • funksjonsnivå
  • kjønn
  • sosial, etnisk og kulturell bakgrunn

Oppdatert

21.09.2016 12:25

Kriterium

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Born med nedsett funksjonsevne
  • Born som barnevernstenesta har overteke omsorga for
  • Born som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

Målgruppe

Born 0 til 6 år som bur i kommunen.

Pris

Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass.

Kommunen skal sørgje for at foreldre med meir enn eitt barn i barnehage får reduksjon i foreldrebetalinga. Dette gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar og i barnehagar med forskjellige eigarar. Foreldrebetalinga skal for det første barnet utgjere maksimalt seks prosent av den samla skattepliktige kapital- og personinntekta i hushaldet. For andre, tredje og fleire barn blir foreldrebetalinga sett til høvesvis 70 og 50 prosent av foreldrebetalinga for det første barnet.

Frå 1. august 2015 har alle 4- og 5-åringar som bur i hushald med låg inntekt, rett til å få 20 timar pr. veke gratis opphaldstid i barnehage. Frå 1. august 2016 vil ordninga bli utvida til også å gjelde 3-åringar. Ordninga gjeld for familiar eller hushald som har ei samla inntekt på mindre enn 417 000 kroner.
Dette gjeld òg barn med utsett skulestart.

Handsaming

Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Ved det årlege hovudopptaket skal du få skriftleg melding om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen.

Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildeling skal skje skriftleg. Mellom dei søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med rett til prioritet som skal få melding om at ein annan har fått tilbod om plassen.

Har du ikkje fått oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt om barnehageplass ved hovudopptaket, kan du krevje ei skriftleg grunngjeving.

Klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du tok imot vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket.

Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

Vedlegg

Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

Rettleiing

Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer om plass for.

Referansar

Sist endra 05.10.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune