Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Fellingsløyve

Beskriving

Retten til å jakte høyrer i utgangspunktet til grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr og villrein blir tildelt godkjente vald (det geografiske området der jakta skal vere) utan årleg søknad. For småvilt - med atterhald for bever - blir det ikkje kravt fellingsløyve.

Dåhjort kan jaktast på i heile landet uavhengig av minsteareal, kvote eller godkjent vald.

Grunneigarar kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for eit vald eller eit bestandsområde som er godkjend for jakt på elg og/eller hjort, og som disponerer eit areal på minimum 20 gonger minstearealet. Kommunen skal godkjenne planen og gjev i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. For villrein er det villreinnemnda som godkjenner bestandsplanen. Godkjende villreinvald får fellingsløyve for kvart jaktår.

Oppdatert

30.11.2015 09:56

Kriterium

Det må liggje føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr eller villrein for å få fellingsløyve. Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr.

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Pris

Det er ikkje fellingsavgift for rådyr. Kommunen fastset fellingsavgift for elg og hjort, og Miljødirektoratet fastset fellingsavgift for villrein.

Klage

Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det teljande arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du tok imot løyvet. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak kommunen  har gjort, og Miljødirektoratet for vedtak som villreinnemnda har gjort. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får fullt medhald, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Rettleiing

Godkjente vald treng ikkje å søkje om fellingsløyve. Kommunen (eller villreinnemnda) skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til den valdansvarlege representanten. Finst det ein godkjend bestandsplan, blir alle fellingsløyva skrivne ut første året for heile bestandsplanperioden. Dette gjeld ikkje for villrein, der fellingsløyvet i alle høve blir skrive ut for kvart jaktår.

Referansar

Sist endra 05.10.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune