Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Helsestasjon for ungdom

Beskriving

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til ungdom opp til 20 år. Her kan du få veiledning om prevensjon og seksuell helse, få hjelp innen psykisk helse og svar på andre helsespørsmål. Du vil få møte helsesyster og lege som er vant med til å prate om vanskelege og utfordrande ting i livet.

Helsestasjon for ungdom utfører klamydia- og graviditetstest.

Dei som jobber på helsestasjonen har taushetsplikt, eit eventuelt samarbeid med andre vil vere opp til kvar einskild ungdom.

Helsestasjonen er lokalisert på Heggenes, adr. Bygdinvegen 2136, ved siden av legekontoret. Det er tilgjengeleg personale for drop inn kvar tysdag mellom kl.08.00 - 15.30. Treng du kontakt ut over dette, ta kontakt med helsesystrene Mimmi Rudi, tlf 91 32 40 79 eller Mona H. Svarre, tlf 92 41 79 28.

Oppdatert

30.11.2015 13:14

Målgruppe

Ungdom opp til 20 år

Pris

Tilbodet er gratis.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Rettleiing

Kontakt den nærmaste helsestasjonen din. Du treng ikkje å tinge time.

Referansar

Sist endra 13.12.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune