Klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon og tap av sau på beite - erstatning

Beskriving

Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold eller katastrofeprega tap av sau på beite.
Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved

  • avlingssvikt
  • vinterskadar på eng
  • svikt i honningproduksjonen

Erstatningsordningane har som føremål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Oppdatert

11.10.2016 10:09

Kriterium

Du får ikkje dekt tapet gjennom ei vanleg forsikringsordning eller på annan måte. For skadar i plante- og honningproduksjon er det i tillegg eit vilkår at du gjev melding til kommunen så snart som råd når det er grunn til å tru at du vil få eit tap.

Målgruppe

Landbruksføretak som

  • er registrerte i Einingsregisteret
  • er registrerte som meirverdiavgiftspliktige
  • kan levere årsoppgåve som landbruksføretak

Føretak med honningproduksjon som ikkje er registrerte som meirverdiavgiftspliktige, kan likevel få erstatning dersom dei har hatt ein omsetnad på minst 20 000 kroner innanfor honningproduksjon dei siste tolv månadene før tapet oppstod.

Handsaming

Kommunen skal uttale seg om søknaden før saka blir sendt til Fylkesmannen, som avgjer saka.

Søknadsfrist

Erstatning ved skadar i plante- og honningproduksjon:

  • ved avlingssvikt, 31. oktober det året skaden har oppstått
  • ved vinterskade på eng, 15. juli det året skaden har oppstått
  • ved svikt i honningproduksjon, 31. oktober det året skaden har oppstått

Erstatning ved katastrofetap er tre månader etter at skaden blei oppdaga eller burde vore oppdaga. For katastrofetap av sau på beite er søknadsfristen sett til 31. desember det året tapet har oppstått.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Fylkesmannen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Landbruksdirektoratet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Rettleiing

Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet. Skjemaet sender du til kommunen.

Referansar

Sist endra 03.01.2017
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune