Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom

Beskriving

Viss du arvar, kjøper eller tek imot fast eigedom som gåve, må du normalt søkje om konsesjon. Det er mange unntak frå konsesjonsplikta. Til dømes gjeld ikkje konsesjonsplikt for eigedom du overtek frå nære slektningar. Også andre høve kan føre til at overdraginga er unnateke konsesjonsplikt.

Oppdatert

15.04.2016 08:28

Kriterium

Viss du tek over ein landbrukseigedom frå nære slektningar, får du fem års buplikt. Landbrukseigedomar med buplikt er utbygde eigedomar der fulldyrka og overflatedyrka jord er meir enn 25 dekar, eller eigedomen består av meir enn 500 dekar produktiv skog. Som utbygd eigedom reknast her eigedom med oppførte bustader som er eller har vore brukte som heilårsbustader. Buplikt inneber at du innan eitt år frå overtakinga, busett deg på eigedomen og bur der i minst fem år.

Du må søkje konsesjon viss du ikkje har til hensikt å oppfylle buplikta. I vurderinga av søknaden skal kommunen leggje særskilt vekt på:

  • omsynet til busetjinga i området
  • om overtakinga av eigedomen inneber ei driftsmessig god løysing
  • om overtakinga tek omsyn til ei heilskapleg ressursforvalting og til kulturlandskapet
  • eigedomens storleik, evne til avkastning og husforhold

Tilknytninga di til eigedomen og livssituasjonen din kan tilleggjast vekt som eit korrigerande moment.

Pris

Du må betale eit gebyr for behandling av konsesjonssøknaden.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan vere nødvendig med synfaring og oppmåling av eigedommen. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtakets går ut.

Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.

Søknadsfrist

Fire veker etter at avtalen blei gjort eller du fekk råderett over eigedommen.

Klage

Både du og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Vedlegg

Kopiar av heimelsdokumentet (skøyte), kontrakt og takst skal leggjast ved dersom slike dokument finst.

Rettleiing

Du må bruke skjema frå Landbruksdirektoratet når du skal søkje om konsesjon. Skjemaet sender du til den kommunen som eigedommen ligg i.

Referansar

Sist endra 05.10.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune