Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Leksehjelp i grunnskulen

Beskriving

Kommunen pliktar å ha eit tilbod om gratis leksehjelp i grunnskulen. Kommunen kan fordele leksehjelpa fritt på 1.–10. årstrinn. Leksehjelpa skal gje elevane hjelp med skulearbeidet, og reknast ikkje som ein del av opplæringa, men skal sjåast i samanheng med den. Det er frivillig om ein vil delta. Kommunen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som blir gjeve. Kommunen skal sørgje for at elevane i leksehjelpa har eit forsvarleg tilsyn og at det psykososiale miljøet er godt.

Føremålet med leksehjelpa er å gje elevane støtte i læringsarbeidet, kjensle av meistring, gode rammer for sjølvstendig arbeid og bidra til å jamne ut sosiale skilnader.

Oppdatert

19.10.2016 10:53

Kriterium

  • Det skal bli tilbydd minimum åtte timar leksehjelp per veke til elevar i grunnskulen
  • Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna 1–10, slik kommunen avgjer
  • Det er ikkje noko krav om at leksehjelparane skal ha pedagogisk kompetanse
  • Krav om politiattest gjeld òg for tilsette i leksehjelpa
  • Elevgruppa skal ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg

Pris

Tenesta er gratis.

Klage

Elevar og foreldre kan be om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom vedtak ikkje er gjort innan rimeleg tid, kan du likevel klage som om det er gjort vedtak.

Referansar

Sist endra 03.01.2017
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune