Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Barnevernstenesta (melding)

Beskriving

Både privatpersonar og offentlege instansar kan melde frå til barnevernstenesta om at eit barn kan ha det vanskeleg. Det blir ikkje kravd at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding. Barnevernstenesta skal

  • leggje bort meldinga dersom ho er klart grunnlaus
  • starte undersøking dersom det er grunn til å tru at det er behov for tiltak etter barnevernlova 
  • leggje bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at born blir utsette for grov omsorgssvikt.

Oppdatert

27.11.2015 14:25

Handsamingstid

Barnevernstenesta skal snarast, og seinast innan éi veke, gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar. Du skal få ei stadfesting innan tre veker om at meldinga er teke imot. Dette gjeld ikkje når meldinga er klart grunnlaus.

Rettleiing

Du kan melde frå til barnevernstenesta skriftleg eller munnleg, over telefon eller ved personleg oppmøte. Meldinga di kan òg vere anonym.

Referansar

Sist endra 05.10.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune