Pleie i livets sluttfase

Beskriving

Det pasienten og dei pårørande ønskjer, skal ha mykje å seie ved avgjerda om pasienten skal vere heime eller på institusjon i livets sluttfase. Dersom den sjuke er heime, må både pasient og pårørande få tilstrekkeleg opplæring i bruk av medisinar, smertepumpe eller andre hjelpemiddel. Pasienten har krav på å få informasjon om personar i helsevesenet han/ho kan kontakte når det måtte vere nødvendig.

Omsorg og respekt for kvart einskilt menneske er viktig i møte med ulækjeleg sjuke og døyande menneske. Pasienten må få eit tilbod som er slik at den siste tida kan bli opplevd som meiningsfull. Pasienten må mest mogleg få leve slik han/ho ønskjer det.

Oppdatert

01.12.2015 10:45

Målgruppe

Pasientar med ulækjeleg sjukdom og kort forventa levetid

Handsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. I tillegg til kommunal heimesjukepleie kan det vere aktuelt med hjelp frå spesialisthelsetenesta.

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker fra du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

Referansar

Sist endra 05.10.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune