Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Produksjonstilskott i jordbruket

Beskriving

Du kan søkje om produksjonstilskott. I produksjonstilskottet inngår ei gruppe ordningar som kan gjevast til drift av

  • jordbruksareal
  • grønt- og potetproduksjon
  • husdyrhald

Tilskottet blir gjeve etter satsar og soner som blir fastsette i eller i medhald av jordbruksoppgjeret. Føremålet med produksjonstilskott er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.

Oppdatert

01.12.2015 10:48

Kriterium

Landbruksføretaket driv vanleg jordbruksproduksjon og er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak.

Føretak som berre søkjer tilskott til birøkt, er unnateke frå kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytt til driftsfellesskap og eigarforhold.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Søknadsfrist

20. august og/eller 20. januar, avhengig av kva for produksjonar det blir søkt om tilskott til.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Dette gjeld sjølv om du har fått melding om vedtaket frå Landbruksdirektoratet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Referansar

Sist endra 05.10.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune