Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Spelemidlar til idrettsanlegg

Beskriving

Kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søkje om spelemidlar til idrettsanlegg. Spelemidlar skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Det kan søkjast om tilskott til

  • nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett
  • nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde)

Oppdatert

01.12.2015 14:18

Kriterium

For idrettsanlegg med tilskott av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Anlegget skal ikkje drivast på kommersiell basis
  • Anlegget må vere med i ein vedteken kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det er ein føresetnad at organisasjonane har gjeve innspela sine i planprosessen
  • Anlegget skal ha universell utforming (vere tilgjengeleg for personar med rørsle- og orienteringsvanskar)

For nærmiljøanlegg med tilskott av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Området skal vere fritt og allment tilgjengeleg
  • Anlegget skal ikkje dekkje behov for organisert idrettsaktivitet og vanlege idrettskonkurransar
  • Reine reidskapsleikeplassar (sandkasser, husker osb.) fell utanfor ordninga

Målgruppe

Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av mellom anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål. Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeiningar og burettslag. 

Handsaming

Søknaden sendast elektronisk til kommunen, som går gjennom søknaden og gjer ei intern prioritering av søknadene. Dette skjer normalt som eit politisk vedtak. Søknadene sendast vidare til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Fylkeskommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du fek det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen eller til fylkeskommunen. Lèt fylkeskommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Kulturdepartementet, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Mottakar

Skjemaet sendast til kommunen, som behandlar søknaden og sender han vidare til fylkeskommunen den 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden.

Vedlegg

Søknadsskjemaet fører opp kva for vedlegg som må vere med.

Rettleiing

Alle søknader skal setjast fram på søknadsskjema frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Kommunen kan hjelpe deg med søknaden.

Referansar

Sist endra 05.10.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune