Skip Navigation LinksØystre Slidre > Tenester

Utsleppsløyve

Beskriving

Eig du bustad, hytte, turistbedrift og liknande som ikkje er knytt til (eller kan knyttast til) offentleg avløpsanlegg, må du søkje kommunen om løyve til å sleppe ut avløpsvatn. Dersom verksemda berre slepp ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom du har innlagt vatn. Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. Med gråvatn meiner ein avløp frå kjøkken, bad og vaskerom (klosettavløp ikkje inkludert).

Oppdatert

01.12.2015 15:00

Kriterium

Utsleppet er mindre enn 50 pe (personekvivalentar). Standardvilkåra går elles fram av forureiningsforskrifta kap. 12. Vilkår kan òg gå fram av løyvet. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.

Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygt og drive i samsvar med vilkår som går fram av løyvet.

Handsaming

Kommunen kan under søknadsbehandlinga fastsetje krav som skil seg frå kap. 12 i forskrifta eller nekte etableringa av utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav, skal det leggjast vekt på ureiningsulemper samanlikna med dei føremonene og ulempene som tiltaket elles vil medføre.

Handsamingstid

Fullstendig søknad om utsleppsløyve som er i samsvar med krava i kap. 12 i forskrifta, skal avgjerast av kommunen innan seks veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort saka før fristen har gått ut, kan ein rekne med at løyvet er gjeve såframt det ikkje er nokon grunn til å tru at nokon av partane vil vere misnøgde med dette. Fullstendig søknad med krav som skil seg frå forskrifta, skal avgjerast så snart som mogleg.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til klagenemnda.

Rettleiing

Kommunen gjev rettleiing om vilkår, forundersøkingar og korleis du skal søkje om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal mellom anna innehalde desse opplysingane:

  • dokumentasjon på korleis ein skal etablere og drive utslepp
  • om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i kap. 12 i forureiningsforskrifta eller om det blir søkt om fritak frå krava
  • plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad på kart
  • interesser som ein trur etableringa får følgjer for, til dømes drikkevatn

Partar og andre som saka kan få følgjer for, skal ha varsel om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet sendast kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden.

Referansar

Sist endra 05.10.2016
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune