Skiløypetilbod i Øystre Slidre

Skiløype Melladn Turløyper Saursrunda - Klikk for stort bilete

Øystre Slidre kommune har eit omfattande løypetilbod som dekkjer alle sine ønskje uansett ferdigheiter og værtilhøve. Kommunen er delt inn i 6 løypelag som sørgjer for preparerte skiløyper både i kulturlandskapet nede i bygda, såvel som flotte panoramautsiktsløyper i høgfjellet. Kommunen har utarbeida nedlastbart kart i pdf og digitalt kart over skiløypene i forbindelse med løypeplanarbeidet.

For infomasjon om kva for løyper som er preparerte - sjå løypelaga sine heimesider eller skisporet.no. Lenker finn du i høgremenyen etter å ha trykt "les meir".

Raud 1 ved Oleskaret - Klikk for stort bilete

Informasjon, merking og tryggleik.


I samarbeid mellom kommunen og løypelaga er det utvikla merke- og infosystem som skal gjeva informasjon om ferdigheitskrav samt sikker orientering i alle preparerte løyper.
Eit sentralt element er fargekoding av løypene ut frå kor krevjande dei er med omsyn til høgde, vêrtilhøve og terreng:


• Grøne løyper (G) – skjerma skogsløyper i lett terreng.
• Blå løyper (B) – middels krevjande løyper i fjellskogen og lågfjellet.
• Raude løyper (R) – krevjande løyper på snaufjellet med større krav til ferdigheiter, kondisjon og utstyr.
• Svarte løyper (S) – svært krevjande løyper i høgfjellet.


Det andre sentrale elementet er nummerering av rundar/løyper der oblat med rett farge og nummer blir festa på løypestikk. Saman med lett tilgjenglege løypekart (kartkasser, nedlastning m.m.) gjev dette sikker orientering uavhengig av kartferdigheiter og språk, samtidig som det er stor fleksibilitet i høve til planlegging av eigne turar/rundar.


Heile løypenettet i kommunen er, som det går fram av kartet klassifisert og nummerert etter dette systemet. Ein annan fordel med dette systemet er moglegheit til å skilja mellom løyper på ulike nivå (lokale-, allmenne-, hovudløyper). Det er berre er løyper av ’allmenn’ interesse som er nummerert. Gjennomgåande hovudløype (Danebuløypa) har også oransje oblat med tekst R0 .

Systemet er etablert for Yddin -Javnlie og Melladn løypelag sine område.
I arbeidet med løypeplan har vi erfart at særleg barn kan føle seg utrygge i løypene pga. lause hundar. I kommunal forskrift om hundehald er det difor m.a. innført utvida bandtvang i delar av løypenettet. Sjå kart i menyen i høgre kolonne og oppslag i løypene for meir info om kva for løyper dette gjeld.


Organisering og finansiering

Det er 7 løypelag som står for drift av løypenettet i kommunen, og som årleg mottek kommunalt tilskott. Kvart av dei seks laga har kvar sine områder dei har ansvar for å koordinere, og alle har inngått avtale med kommunen om tilhøve rundt preparering av skiløypene. Avtala med løypelaga, saman med grunneigaravtaler er med på å skape heilskap og forutsigbarheit kring løypenettet.
Det er tre løypelag som tek seg av hovudløypenettet i kommunen;


• Melladn Turløyper har ansvar for sørområdet frå kommunegrensa mot Nord – Aurdal til Yddin.
• Yddin – Javnlie Løypelag har ansvar for midtområdet i kommunen frå Yddin til Øysterli.
• Beitostølen Løypeforening har ansvar for løypene frå Øysterli, vestover inn i Vang/Vestre Slidre- og nordover.

I tillegg er det fire mindre løypelag som tek seg av lokale grendeløyper:
• Rogne Idrettslag har ansvar for løype frå Rogne til Juvike, samt ljosløype i Rogne.
• Øystre Slidre Idrettslag har ansvar for løyper i Heggenesområdet og ljosløypa ved Storeføss.
• Volbu Grendelag har ansvar for grendeløypene i Volbu og Nørre Rogne.
• Midtre Hegge og Dale grendelag har ansvar for grendeløypene i Dale og Skammestein.
Det svært gode skiløypetilbodet i kommunen er også resultat av stor dugnadsinnsats frå mange friviljuge. Kommunen har prioritert dette området gjennom utarbeiding av løypeplan og har rolla som koordinator og tilretteleggar. Gjennom samordning av ressursane og utvikling av felles merke og infosystem ligg kommunen godt an i høve til å bli ’best’ på skiløypeproduktet.


For å kunne sikre eit best mogleg tilbod til alle, er løypelaga avhengig av friviljug finansiering frå private og bedrifter til drift og preparering av eit det svært omfattande løypenettet.

Sist endra 26.11.2014
   

Skriftstorleik

a - a - a

Søk

Kontaktinformasjon

Øystre Slidre kommune
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
Telefon
: 61 35 25 00

Faks
: 61 35 25 01
Org.nr.
: 961382068
Opningstid
: 8-16 (8-15 sumartid)

Samarbeid

Øystre Slidre i media

Information

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon

Andre Valdreskommunar

Reise til/frå Øystre Slidre

Levert av ACOS AS