Finntøpplie og Finntøppvegen

Gravearbeida er i gang for offentleg og privat del av utbyggingsområdet Finntøpplie. Det er fleire prosjekt pågåande likt i området. Skibru Finntøppvegen er ferdigstilt i haust, og er klar til bruk for vintersesongen. Grøftearbeida med nytt og omlegging av eksisterande vatn- og avløpsnett vil halde fram til neste sumar. 

Kommunen vil også i 2023 starte omfattande arbeid med å ruste opp Finntøppvegen og Tjednbakkvegen, fram forbi Beitostølen skistadion. Det skal etablerast fortau parallelt med opprustning av desse vegane. Fortau vil også bli etablert langs Beitestølsvegen frå Lialøovegen og mot sentrum. 

Skiløypenettet rundt Finntøppvegen vil også endrast mot vintersesongen 2022/2023. 

Eventuell omkjøring i samband med prosjektet vil bli varsla fortløpande.

 

Skibru over Finntøppvegen - Klikk for stort bileteSkibru over Finntøppvegen Ragnhild Rogne