Kommunen er i gang med grøftearbeid for nye vatn- og avløpsleidningar som skal leggast over Bergojordet på Beitostølen.
Det kommunale prosjektet er ein fortsetjing av eit prosjekt ifrå 2017- Beitostølen Sentrumsutvikling.
Prosjektet skal løyse lokal overvassproblematikk frå Beitostølen sentrum, bidra til sikker vassforsyning og sikre avløpshandtering i området.
Beitostølen, Maskin og Transport AS vant tilbodskonkurransen, og er godt i gang med arbeidet.
Prosjektet ferdigstillast i 2023.
Publisert 18.10.2023 08.05