Skip Navigation LinksØystre Slidre > Ledig stilling

Ledige stillingar i Øystre Slidre kommune

Kommunevåpen Øystre Slidre
Kommunevåpen ØSK

Her ser du oversikt over ledige stillingar i Øystre Slidre kommune.

Kommunen har opna for å ta imot søknader på stilling via Internett. På denne måten vil søkjarar kunne sende søknad når det evt. måtte passe (døgnopen forvalting). Vi håper flest mogeleg nytter seg av denne tenesta. Du kan også sende søknader i vanlig post til Øystre Slidre kommune, 2940 Heggenes.

Nettløysinga er ei påloggingsteneste.


  • 19,25% fast stilling som delvis kvilande nattevakt med arbeid kvar 3. helg.
  • 20,31% fast helgestilling med arbeid kvar 2. helg.
  • To helgestillingar 21% vikariat med arbeid kvar 3. helg ledig t.o.m. 31.08.18.

 

Øystre Slidre kommune har ledig 80% vikariat som fysioterapeut t.o.m. 18.06.18. Også ergoterapeut kan søkje. Stillinga er knytt til IHT (Institusjon og heimebaserte tenester) med fokus på rehabilitering / kvardagsrehabilitering. Snarleg tiltreding.

 

Øystre Slidre Brannvesen har to ledige stillingar og eit vikariat som brannkonstabel deltid.

To stillingar er knytt til Heggenes brannstasjon - og vikariatet (t.o.m. 31.12.17) til Beitostølen brannstasjon.

Den faste stillingsandelen utgjer 1,1 % av full stilling.

Grunna innsatstida bør søkjarane ha bustad og arbeidsplass i rimeleg avstand til brannstasjonen. Søkjarane bør ha førarkort klasse C. Den som blir tilsett må pårekna noko kursing/opplæring i arbeidstida.

Søknadsskjema (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune