Skip Navigation LinksØystre Slidre > Ledig stilling

Ledig ny fastlegeheimel frå 1. mars 2018

Øystre Slidre kommune opprettar ein ny fastlegeheimel, og søkjer difor etter ein ny fastlege (100 % heimel) frå 1. mars. I dette inngår ein 20 % fastlønna kommunal stillingsandel. 

Øystre Slidre kommune har omlag 3 200 innbyggjarar, og strekkjer seg frå Jotunheimen i nord, via turistmålet Beitostølen, mot regionsenteret Fagernes i sør. Nærleiken til ein vakker høgfjellsnatur gjev særs gode tilhøve for naturopplevingar og friluftsliv. Kulturlivet er aktivt og variert. Øystre Slidre er ei turistkommune, innbyggartalet blir mangedobla i helger og i høgsesong. Kommunen har eitt legekontor, lokalisert til Heggenes. Legekontoret vart utvida og modernisert i 2010, og kommunen vil dei næraste åra etablere eit nytt omsorgstun på Heggenes. For ytterlegare informasjon, sjå vår heimeside www.oystre-slidre.kommune.no.

Vi kan tilby:

  • Godt innarbeidd legefellesskap med tre dyktige kollegaer, alle med 20-30 års fartstid som legar i kommunen. Alle er spesialistar i allmennmedisin.
  • Godt arbeidsmiljø med godt utdanna, dyktig og stabilt hjelpepersonell
  • Legepraksisen er regulert av ei fellesavtale med alle legane og ei individuell avtale med den einskilde lege. I fellesavtalen er det avtalt at kommunen held gratis lokale, hjelpepersonell og noko utstyr. Som kompensasjon for dette blir det ikkje utbetalt basistilskott, utjamningstilskott eller praksiskompensasjon.
  • Deltaking i interkommunal legevakt (for alle kommunane i Valdres) på kveld og helg (for tida 18-delt legevakt) i nye og moderne lokale knytt til Valdres lokalmedisinske senter (VLMS) på Fagernes. VLMS vart sett i drift frå 2016. Legevakt på dagtid inngår i kontorsamarbeidet.
  • Listetak på 1 100. Dei tre andre legane reduserer listene sine for å legge til rette for ny lege, slik at det ved oppstart vil være om lag 300-350 pasientar på lista. Legekontoret har fellesliste.
  • Kommunen har god barnehagedekning, og kan tilby hjelp til å skaffe bustad.

Vi ser etter lege med:

  • Norsk autorisasjon som lege. Søkjar må oppfylle nye kompetansekrav for legar i allmennpraksis.
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode norskkunnskapar,  både munnleg og skriftleg
  • Personleg eignaheit
  • Det er krav om politiattest

For nærare informasjon, kontakt leiar for helseavdelinga Knut Sigbjørn Lien, telefon 905 08 223. Spørsmål om kontorsamarbeidet kan rettast til kommuneoverlege Arild Jacobsen, telefon 971 69 268.

Søknad skal sendast elektronisk via kommunen sine internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no (under «Ledige stillingar») og merkast med ”Arkivsaksnr. 17/1656”.

Søknadsfrist: 24.10.2017

Sist endra 22.09.2017
Søknadsskjema (1)
Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune