Skip Navigation LinksØystre Slidre > Ledig stilling

Ledig stilling i psykisk helseteneste

Øystre Slidre kommune har ledig 55% fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar. Også søkjarar med helse- og sosialfagleg bachelor med relevant vidareutdanning vil vera aktuelle for tilsetjing.

Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid / rusavhengigheit og / eller nettverksarbeid / familieterapi med fokus på Rus / ROP lidingar. Erfaring frå arbeid med rus og psykisk helsearbeid vil bli vektlagt. Søkjarar bør ha klinisk erfaring for å møte psykiske problemstillingar og må beherske dataverktøy. Personlege eigenskaper vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing. 

Arbeidsoppgåver

  • Individuell behandling / samtaleterapi
  • Nettverksarbeid / familieterapi
  • Pårørandeveiledning / pårørandestøtte
  • Iverata barn som pårørande
  • Kartlegging, vurdering og utredning
  • Tilrettelegge behandlingstiltak / terapi
  • Koordinator for ansvarsgrupper og Individuelle planer
  • Målretta tverrfagleg samarbeid internt og med våre samarbeidspartnerar
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
  • Ein må pårekne noko reiseverksemd

 

Personlege eigenskaper

  • Interesse for faglege utfordringar
  • Interesse og vilje til fagleg utvikling av tenesta i tråd med faglige tilrådingar
  • Ynskje og vilje til eigenutvikling
  • Evne til fleksibilitet, sjølvstendigheit og samtidig ha gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner

 

Vi kan tilby

  • Godt arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Offentleg tenestepensjon

 

Søkjar må ha sertifikat klasse B og kunne stille eigen bil til disposisjon mot kilometergodtgjering. Det er krav om politiattest i stillinga.

Psykisk helseteneste i kommunen er en teneste i stadig utvikling, det kan difor bli endringar i arbeidsoppgåver.

Nærare opplysningar ved leiar for helseavdelinga Knut Sigbjørn Lien, tlf. 905 08 223 eller ved fagleg leiar Bente Margot Nøbben, tlf 971 69 038. Søknad merka med ”Arkivsak 17/2036” skal sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no – ledig stilling.

 

Søknadsfrist 24. november 2017

 

 

Tingvang, Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
post@oystre-slidre.kommune.no
Tlf: (+47) 61 35 25 00
Faks: (+47) 61 35 25 01
Opningstider
8-16 (8-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 382 068
Kommunenr: 0544
 
 
Valdres-kommunene Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune