Aktivitetsdag på Furustrand laurdag 31.08 kl.11.00 - 15.00

Klikk for stort bileteFurustrand badeplass og aktivitetsplass er flittig brukt om sommaren både av eigne innbyggarar og av tilreisande. Øystre Slidre Røde Kors og Øystre Slidre kommune vil saman med fleire samarbeidsaktørar invitere alle, familiar, aleinebuarar, nye og gamle innbyggarar, arbeidsinvandrarar og flyktningar til ein felles aktivitetsdag med gratis is, enkel servering, ballaktivitetar for store og små, padling og roing, førstehjelpsinformasjon og presentasjon av lag og kva for aktivitetar dei kan tilby.

Vi er så heldige at både Rogne IL og Øystre Slidre IL er med og tilrettelegg for aktivitetar, og Røde Kors og kommunen instruerer og hjelper til med aktiviteter på og i vatnet. Bading er på eige ansvar. Redningsvest i kajakk, båt og kano til låns.

Bygdekvinnelaget og Helselaget vil mellom anna lage enkel mat til deltakarane denne dagen, og 4H vil vere til stades.

Kva driv eigentleg Røde Kors omsorg med? Kva kan dei tilby innbyggjarane i Øystre Slidre? Kva rolle har Røde Kors hjelpekorps i samfunnet? Kva veit du eigentleg om kva Røde Kors bidreg med? Og kva med Frivilligsentralen? Nysgjerrig? Denne dagen får du informasjon om du ynskjer det.

Underhaldning ved kulturskulen.

Ikkje gløym å ta med kosedyret ditt! Om det er skada eller har vorte sjukt, kan det få god behandling av Røde Kors.

Gratis is til alle!