Anbod nytt omsorgstun/helsetun

Kommunestyret har i økonomiplanen for 2017-20 vedteke oppstart av programarbeid og prosjektering av nytt omsorgstun/helsetun i Heggenes med ferdigstilling av første byggetrinn i 2020. Anbodsmaterialet for prosjektet vert sendt ut i 2 fasar, med grunnarbeid inkl. vegbygging og VA-arbeid i fase 1 og resten i fase 2.

Helsetun - Klikk for stort bilete Fase 2 er no klar og vil omfatta hovudentreprise for bygningsmessige fag, samt sideentreprisar for tekniske fag. Byggherren vil i fase 2 i tillegg til hovudentreprisen, hente inn eigne anbod på: Røranlegg, Ventilasjon, Sprinkleranlegg, Utvendige VA-anlegg, Elektroinstallasjonar,Telekommunikasjon og Heisanlegg. Anbodsmaterialet er lagt ut som pdf-filer på Doffin, og anbydarar kan laste det ned derifra.

Sjå oversiktsbilete her.

ANBODSFRIST:

Anbodsfristen er: Mandag 27.08.2018 kl. 13.00