Barnehageopning tysdag 21. april 2020

Regjeringa har bestemt at barnehagane gradvis skal opne frå måndag 20. april. Vi har fått ein smittevernrettleiar som legg føringar for korleis barnehagane skal legge opp si verksemd og organisering for å redusere smitterisiko. I Øystre Slidre har vi no arbeidd for å tilpasse oss rettleiaren. Rettleiaren seier at barnehagane fyrst kan opne når det tryggleik for at dei smittereduserande tiltaka er innfridd.

Vi har i løpet av planleggingstida kome til at vi treng måndagen til å bli trygge på alle dei rutinane vi skal utarbeide og halde oss til, samt bli trygge på den nye organiseringa vi legg opp til etter føringane i rettleiaren. Med bakgrunn i dette har rådmannen bestemt å opne barnehagane frå tysdag 21. april, det vil ikkje bli ordinær opningstid frå oppstart.

Når vi ikkje opnar til ordinære opningstider, er det grunna i dei smittereduserande tiltaka som er knytt til organiseringa av vaksne og born. Meir om det nedanfor. Opningstida blir kontinuerleg vurdert ut frå den situasjonen vi til kvar tid er m.o.t. smitte, tilgjengeleg bemanning mv.

Opningstid frå måndag 4.mai er 8 - 15.30.

Av dei same smittevernomsyna som nemnd ovanfor vil også opningstida for dei som fell inn under samfunnskritiske funksjonar vere den same som for andre, altså kl. 8 – 15.30. Dei i samfunnskritiske funksjonar som har eit reelt behov for opningstid utover kl. 8 – 15.30 må ta kontakt med styraren i sin barnehage for å sjå på løysingar for dette.

I rettleiaren frå regjeringa står det:

«Før barnehagene ble stengt i Norge ble det ikke registrert noe kjent smittespredning blant barn i barnehager. Sammenliknet med voksne er få barn identifisert som smittet i Norge og verden for øvrig. Barn og unge har så langt vist å ha svært lav risiko for alvorlig sykdom med koronavirus. Dette er lavere enn for andre luftveissykdommer som barn kan rammes av, for eksempel influensa og RS-virus.»

Det er trygt for born å gå i barnehagen

For å begrense smitte har vi no sett i verk ei rad tiltak i barnehagane. Framover vil vi være ekstra nøye med å sikre godt smittevern. Dette avheng av at vi alle gjer ein innsats og følger dei nye råda. I barnehagane vil vi være spesielt opptekne av å:

  • vaske hendar og følgje opp borna slik at dei lærer gode rutinar for handvask – det er utarbeida eigne vaskerutinar som tilseier at borna vaskar hender ved ankomst i barnehagen, etter dobesøk, før og etter mat, samt ved henting når borna skal heim.
  • ha godt reinhald i barnehagane – barnehagane blir vaska kvar dag etter stengetid og ein gong i løpet av opningstida (kontaktflater, toalett mv)
  • vaske leiker dagleg – kvar barnegruppe får tilgang til leiker forbeholdt si gruppe. Leikane desinfiserast etter stengetid kvar dag. Dette gjeld både inneleikar og uteleikar
  • vere ekstra mykje ute med borna i tida framover – opplegget for dagane vil bety enda meir tid ute enn det som er vanleg
  • faste barnegrupper med minimum ein vaksen på 3 born for born under 3 år og minimum ein vaksen pr. 6 born frå 3 år og oppover (gruppene kan endrast etter helg). Gruppa har sine faste vaksen med seg heile veka. Det er i rettleiaren opna for at to grupper skal kunne samarbeide innanfor visse rammer. Kommunen forheld seg til desse rammene.
  • de vaksne får god gjennomgang av dei nye rutinane og dei smittevern tiltak som skal gjennomførast

Barnehagane skal framleis gje omsorg til borna

Vi skal framleis ivareta borna sine behov for fysisk omsorg og sørgje for at alle born opplever tryggleik og trivsel i barnehagane. Kos og trøyst er fortsatt viktig for borna.

Om ditt born ikkje føler seg bra

Har ditt born symptom på sjukdom, også milde symptom, skal de ikkje møte i barnehagen. Det er ekstra viktig nå at borna er heime i minst eitt døgn etter at dei er symptomfrie. Føresette som har luftvegssymptom, skal ikkje følgje eller hente born i barnehagen.

Har føresette eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal heller ikkje bornet møte i barnehagen.

Om bornet blir dårleg i barnehagen, må de hente bornet så fort det let seg gjere.

Føresette skal helst ikkje bli med inn i barnehagen

Vi prøver så langt det lar seg gjere å ta imot borna ute. Borna bør ha uteklede når dei møter i barnehagen.

Ikkje ta med leikar heimefrå

Borna skal ikkje ta med egne leker heimefrå. Om bornet ditt har ein eigen kosebamse for å sove, kan de ta med denne. Men det er ekstra viktig at denne ikkje blir delt med andre born i barnehagen.

Handvask er like viktig heime som i barnehagen. Vask hendene før de kjem i barnehagen, og med ein gong de kjem heim. 

Vi oppmodar til at borna treff få andre born på fritida, og at leik helst går føre seg ute.

Vi gler oss til å treffe borna og dykk att i denne spesielle tida for oss alle.

 

Med venleg helsing

Rolf Stalenget
kommunalsjef

 

Meir informasjon om gjenopning av barnehagane

Informasjon frå KS: https://www.ks.no/informasjon-om-koronaviruset/barnehage-og-unge/ofte-stilte-sporsmal-om-gjenapning-av-barnehager/