Barnehageplassar og SFO frå august 2019

I Øystre Slidre kommune er det tre kommunale og ein privat barnehage.

Det er tilbod om skulefritidsordning for elevar i 1.-4. klasse ved Lidar og Rogne skule.

Søknadsfrist for barnehageplass og SFO frå hausten 2019 er 15.februar.

Barnehage:

Dei kommunale barnehagane har opningstid kl.07 - 17. Heggebø Friluftsbarnehage har opningstid kl.07.15 - 16.45. Det er tilbod om 3, 4 og 5 dagars plass frå 1 - 5 år i alle barnehagane.

Barn som har fast plass, treng ikkje søke for å behalde plassen dei har. Dersom det er ynskje om endra tilbod, må søknad om endring av plassen sendast inn. Logg inn som brukar for å søke om endra plasstype.

Beito barnehage, Tingvang barnehage og Rogne barnehage er kommunale. Ein nyttar elektronisk søknadsskjema. NB ein skal ikkje logge inn som brukar for å søke om plass i barnehage.

Meir informasjon om barnehagane ligg under menyen "Skule og barnehage".

For søknad til Heggebø friluftsbarnehage, sjå barnehagen si  heimeside. For meir informasjon, ta kontakt med barnehagen på tlf 61 34 01 80.

Nytt barnehageår startar 15.august.

 

 

Skulefritidsordning - tilbod fra hausten 2019

  • Lidar skule har tilbod om SFO etter skuletid kvar dag.
  • Rogne skule har tilbod om SFO før og etter skuletid kvar dag.
  • Kultur-SFO blir torsdagar på båe skulane, inngår i det ordinære SFO-tilbodet.

SFO fylgjer skuleruta. Ein må søke om plass i SFO for kvart skuleår. Skulestart hausten 2019 er måndag 19.august.

Meir informasjon om SFO ligg under menyen "Skule og barnehage".

Ein nyttar elektronisk søknadsskjema for å søke plass i SFO. NB ein skal ikkje logge inn for  å søke om plass i SFO.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 55