Bruk av munnbind på legekontoret

Det er innført plikt til å bruke munnbind i legetenesta i Øystre Slidre kommune. Gjeld både besøkande på legekontoret og tilsette i tenesta. Alle besøkande må ha med munnbind og påføre seg dette før ein går inn på venterommet og behalde det på til evt. annan beskjed blir gjeve.

Legekontoret minner også om at vi har 30 doser av vanleg influensavaksine (ikkje Covid -19) tilgjengelege no for dei som ikkje fekk teke den vanlege influensavaksinen i haust. Dei som vanlegvis tek denne vaksina grunna sin helsetilstand og ynskjer å få sett ei av desse, kan ta kontakt på tlf. 61 35 29 00 for bestilling av time.