Datakurs for eldre - Digihjelpen, oppstart i haust

Klikk for stort bileteØystre Slidre kommune vil i haust gjennomføre kurs i digital kompetanse for eldre. KS og kommunal- og moderniseringsdepartementet har saman med fleire andre aktørar utvikla eit tilbod som heter Digihjelpen og Digidel.

Datamaskin, mobil og internett blir stadig viktigare for å bruke offentlege tenestar og andre tenestar i det daglege. Teknologien utviklar seg raskt, men finn du fram?

Kurset er for det som har mobil, nettbrett eller PC og har lyst til å lære meir om korleis du kan nytte desse. Det vil bli arrangert eit oppstartsmøte på Moatunet der veiledarane informerar om kursopplegget. Kurset vil bli gjennomført på ulike nivå og tema.

Aktuelle tema er:

  • Bli kjend med utstyret; mobil, nettbrett, PC
  • Praktisk bruk av internett og e-post
  • Tilgang til offentlege tenester, logge inn med BankID/Min ID
  • Altinn/Digipost
  • Sosiale medier; Facebook, Instagram, Skype

Veiledarane på kurset vil vere frivillige som ønskjer å bidra med den kunnskapen dei har. Kursinnhaldet vil så langt råd bli tilpassa den enkelte sitt behov.

Dato for oppstart vil bli annonsert på eit seinare tidspunkt i Avisa Valdres og på kommunen sin heimeside.