Fantastisk juleforestilling på Tingvang

Torsdag 6.12 hadde kulturskulen i Øystre Slidre ei fantastisk forestilling på Tingvang. I løpet av druge 1,5 time fekk 140 elevar utfolda seg på scena. De eine fine innslaget etter det andre stod fram, trygge og modige.

Det spirer og gror i den kulturelle musikalske verden for makan til flinke elevar. Det heile vart leia av teaterelev Jørn Kristian, som på ein humoristisk og ledig måte losa publikum gjennom forestillinga. Det var folkemusikk, enkeltinnslag, samspelnummer og dans. Teatergjengen kom med eit innslag frå vårens forestilling Dyra i Hakkebakkeskogen. Sist i programmet kom 27 spreke hallingdansarar.

Kulturskule - Klikk for stort bilete

 

På bilde: Kåre, Odne, Tuva, Linus, Oskar og Tobias