Felles feiring av julaften

Det kan vere mange grunnar til at man ønskjer å feire julaften i eit større fellesskap. I år går frivilligsentralane i Valdres saman om å lage julaftenfeiring på Fagernes. Alle som ønskjer å delta er velkomne.

Arrangementet er hos Nord-Aurdal Frivilligsentral, kl.13-16. Det blir juletallerken med ribbe og medisterkake, riskrem til dessert, kaffi og julekaker. Underhaldning med Vangstein`s dansemusikk, julepynta hus- og kanskje ein liten juleoverraskelse...?

Ingen treng å fortelje kvifor ein vil komme; alle er velkomne uansett.

Kveldens vertskap består av frivillige frå dei ulike frivilligsentralane i Valdres.

Er dette noko som kan vere aktuelt for deg? Alt er gratis!

Vil du vite meir? Kanskje du vil vere frivillig på arrangementet.

Ta kontakt med Liv på frivilligsentralen i Øystre Slidre. tlf 976 05 755.

Påmeldingsfrist er 9.desember. Gi beskjed om evt. allergi/diett og om du/de treng skyss.

Klikk for stort bilete  

Kontaktinfo

Liv Vingdal
Leiar folkehelse, frivilligsentral og frisklivssentral
E-post
Telefon 976 05 755