Ferie-SFO i haustferien

Øystre Slidre kommune inviterer til ferie-SFO i haustferien. Det er tilbod om SFO ved Lidar skule, for elevar ved Lidar og Rogne, måndag, tysdag og onsdag i veke 41. Påmelding innan 30. september.

Ordninga er i år lokalisert til Lidar skule. Det vil bli tilbod om ferie-SFO tre dagar i vinterferien ved Rogne skule.

Om haustferie-SFO

Det blir leik og moro, inne- og uteaktivitetar, tur i nærmiljøet og formingsaktivitetar. Opningstid er kl. 08.00 - 15.30, med ei kjernetid frå 09.30 - 14.00. Det betyr at barnet må vere levert før kl. 09.30 og tidlegast bli henta kl.14.00.

På SFO blir det servert mat, gi beskjed om eventuelle allergiar i ein e-post til rektor.

Retningsliner

  • Tilbod om SFO måndag, tysdag og onsdag i veke 41
  • Opningstid 08.00 - 15.30
  • Ordinga er open for alle elevar i 1.-4. klasse og for elevar med særskilte behov i 5.-7. klasse
  • For at det skal bli eit tilbod må det vere minst 5 barn påmeldt
  • Pris kr.250 pr. dag barnet skal vere der, ingen søskenmoderasjon
  • 1.klassingar har 12 timar gratis SFO i veka, ein dag tel som 7,5 timar etter opningtida. Det blir fakturert for bruk utover dette.
  • Påmelding er bindande

Påmelding

Påmelding på elektronisk skjema

Frist for påmelding er fredag 30.september

Velkommen til haustferie-SFO!

Kontaktinfo

Anita Aleksandersen
Rektor Lidar skule
E-post
Telefon 61 35 26 02
Mobil 473 00 693
Are Alund
Rektor Rogne skule
E-post
Telefon 61 35 24 81
Mobil 997 34 175