Ferie-SFO i vinterferien veke 9
Øystre Slidre kommune inviterer til ferie-SFO i vinterferien. Det er tilbod om SFO ved Rogne skule, for elevar ved Lidar og Rogne, måndag, tysdag og onsdag. Påmelding innan 5. februar.
Om vinterferie-SFO
Det blir leik og moro, inne- og uteaktivitetar. Opningstid er kl. 08.00 - 15.30, med ei kjernetid frå 09.30 - 14.00. Det betyr at barnet må vere levert før kl. 09.30 og tidlegast bli henta kl.14.00.
På SFO blir det servert mat, gi beskjed om eventuelle allergiar i ein e-post til rektor.
Retningsliner
- Tilbod om SFO måndag, tysdag og onsdag i veke 9
- Opningstid 08.00 - 15.30
- Ordinga er open for alle elevar i 1.-4. klasse og for elevar med særskilte behov i 5.-7. klasse
- For at det skal bli eit tilbod må det vere minst 5 barn påmeldt
- Pris kr.250 pr. dag barnet skal vere der, ingen søskenmoderasjon
- 1.klassingar har 12 timar gratis SFO i veka, ein dag tel som 7,5 timar etter opningtida. Det blir fakturert for bruk utover dette.
- Påmelding er bindande
Påmelding
Påmelding på elektronisk skjema
Frist for påmelding er 5.februar.
Velkommen til vinterferie-SFO!
Publisert 03.01.2023 15.30