Fjellstafetten 2021

Fjellstafetten er eit lågterskel turopplegg for innbyggjarar og besøkande i Øystre Slidre kommune. Stafetten består av 12 tilrettelagte topptur-mål, og vert arrangert kvart år frå slutten av juni til byrjinga av oktober.

Klikk for stort bilete Svein A. Svensli Rudi Alle som har gått 10 toppar eller fleire, får ein kopp med motiv frå årets Fjellstafett-topp. I år er denne «Urekkollen» ved Haugseter. Det blir også trekt premiar utifrå namna i bøkene, og delt ut t-skjorter til dei som har gått i 5, 10 og 15 år. Me har også eigen t-skjorte til dei som har klart 10 toppar eller fleire på eit døgn.

For registrering av dine turmål, vil du finne ei kodetavle på toppane som du skriv inn i skjemaet i Fjellstafettbrosjyren. Du finn brosjyren i lenkje under, i tillegg til oversikt over dei ulike turmåla og turbeskrivingar.

Brosjyre fjellstafetten 2021 (PDF, 4 MB)

Kart og turforklaringar 2021 (PDF, 810 kB)

Sjå Fjellstafetten i Øystre Slidre på Facebook for oppdateringar

God tur!

Kontaktinfo

Øystein Skattebu
Ungdomskonsulent
E-post
Mobil 412 22 840