Fjellstafetten 2022

Kvednhø Svein Andre Svensli Rudi Fjellstafetten er eit lågterskel turopplegg for innbyggjarar og besøkande i Øystre Slidre kommune. Stafetten består av skilta ruter til 12 fine utsiktspunkt. 

Kvar topp har ein unik kode som som du finn på ei kodetavle på toppen, koden kan noterast i brosjyra. Stafetten pågår i perioden 26. juni til 9. oktober.

Alle som har gått 10 toppar eller fleire, får ein kopp med motiv frå årets Fjellstafett-topp. I år er denne "Kvernhø". Det blir også delt ut t-skjorter til dei som har gått 10 toppar eller fleire i 5, 10 og 15 år. Me har eigen t-skjorte til dei som har klart 10 toppar eller fleire på eit døgn. 

Brosjyre og turforklaringar

Brosjyre fjellstafetten 2022 (PDF, 5 MB)

Kart og turforklaringar 2022 (PDF, 8 MB)

Sjå Fjellstafetten i Øystre Slidre på Facebook for oppdateringar

Dette er turar for heile familien - bli med du også! 

God tur!