Folkemusikk i notid og framtid - tilskottsmidlar

Utlysing av lokale tilskottsmidlar 2024. 

Om ordninga

Valdreskommunane forvaltar ei tilskottsordning for produksjon og framsyning av folkemusikk og folkedans. I 2024 er det 60 000 kroner til fordeling. Støtta blir gitt til 1-3 produksjonar som produksjonsstøtte. Produksjonen skal ha røter i musikk- og dansetradisjonane i Valdres tilpassa born og unge.

 

Søk om tilskott

Søknadsskjema, kriterier og informasjon finn du på www.valdresmusea.no eller kontakt ks@valdres.no

Søknad sendast til info@valdres.museum.no innan fredag 1. mars 2024.