Førehandsstemming

Klikk for stort bileteDu kan førehandsstemme på Tingvang i tida måndag 12.august - fredag 6. september, kl.09.00 - 14.00. 

Det er ein fordel, men inga plikt, at du tek med deg valkortet ditt. Hugs å ta med legitimasjon, eksempel på godkjent legitimasjon er førarkort, pass, bankkort med bilete.

Førehandsstemming på institusjonar

  • Beitostølen Helsesportsenter torsdag 29.august kl.10.00 - 11.00
  • Øystre Slidre sjukeheim torsdag 29.august kl.12.00 - 13.00

Ambulerande stemming

Veljar som grunna sjukdom eller uførleik ikkje kan gje vanleg førehandsstemme, kan etter søknad stemme der dei oppheld seg. Frist for å be om ambulerande stemming er tysdag 3. september kl.11.00. Ta kontakt med kommunen.

Ønskjer du å førehandstemme i ein annan kommune enn der du er manntalsført?

Du treng ikkje å førehandstemme i den kommunen du er manntallsført, det er høve til å førehandsstemme i alle kommunar. Stemmer du i en "framand" kommune, vil førehandsrøysta di bli send til den kommunen der du er manntallsført.

Vallokaler

 

 

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00