Frida i Gapahuken

Søndag kveld var det konsert i Ungdomens kulturhus Gapahuken. Det vart eit suverent møte med Frida Ånnevik med band.

Klikk for stort bileteFyrst ute var Thea Tronplassen Aasgard. Thea kjem frå Fagernes og har sunge og spelt gitar i mange år. Bl.a. kjenner vi henne frå fleire UKM-konsertar.

Så kom Frida på scena og vi vart bergtekne av hennar lune væremåte. Ho hadde gode historier og poeng mellom sangane og med ein liten snert mot hedemarkinger, så fekk vi ein gløtt inn i livet hennar.

81 betalande og med gjester og mannskap vart det passe fullt i Gapahuken.

Utdrag frå kommentarar og facebookmeldingar i etterkant:

  • " Det var så nydeleg og fint, finurleg, sårt, vemodig og litt fjasete. Med andre ord heilt perfekt!"
  • " Stemingsfullt og fint"

Klikk for stort bilete  Klikk for stort bilete