NES
GC23 blir ein camp over fem dagar, for deg som ynskjer å bli ein del av Nettverket E-sportsenter si vidare e-sportsatsing. Veka har som mål å etablere nye lag i ulike spel. GC23 gjer tilbod i Fortnite, Rocket League, FIFA, Sim Racing og Farming Simulator.
Aktivitetane går frå kl.08.00 – 16.00 kvar dag, måndag til fredag, der me i løpet av juni vil sy saman ein variert aktivitetsplan med ulike gaming og e-sportrelaterte kurs, treningsprogram for e-sport og andre fysiske og sosiale lagaktivitetar (t.d. paintball, boblefotball, stolpejakt mm).
GC23 har plass til inntil 14 deltakarar, der kvar deltakar søkjer plass på eit bestemt e-sportlag (spel), og etter ferdigheitsnivå. Etter søknadsfristen 10.juni vil me gå gjennom søknadane og tilby plass til deltakarar med utgangspunkt i type spel og talet på lagplassar. Alle vil få svar med tilbod om plass eller avslag på søknad innan 10.juni. Dei som får plass må skrive under på ei bindande avtale om deltaking, med underskrift frå føresett.
GC23 vil gå føre seg i og kring Ungdomens kulturhus Gapahuken ved Heggenes, der me har alt utstyr tilgjengeleg. Du må ha eigen konto/lisens til spelet du skal spele. Me kan hjelpe til om du ikkje har dette frå før.
GC23 er gratis å vere med på, der alle deltakarar også vil få servert felles frukost og lunsj.
Påmelding
Påmelding via dette skjemaet
Påmelding innan 10.juni.
Sumarjobb som aktivitetsleiar?
Er du mellom 16-18 år, interessert i gaming og e-sport, kan du få sumarjobb som aktivitetsleiar på GC23
Me søkjer tre ungdomar som vil vere med oss å arrangere GC23. Ungdomskonsulent i Øystre Slidre kommune, Øystein Skattebu, har hovudansvar for arrangementet og vil vere med dykk gjennom heile prosessen, saman med andre frivillige frå e-sportsenteret.
Les meir om stillingane og søk her:
https://82025.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4663967194?language=nn&link_source_id=0&showExpired=False