Hagle spelar i Gapahuken 22.oktober

Ungdomsklubben i Øystre Slidre er stolt over å kunne invitere til ungdomskonsert med country-rap bandet "HAGLE" i Gapahuken, fredag 22.oktober.

Konserten er open for alle i ungdomsskole- og videregåendealder, og arrangøren håpar på publikumsrekord.

Konserten i Gapahuken har konsertstart kl.20.30, men det blir lagt opp til party heile klubbkvelden for dei som løyser billett. Konserten i seg sjølv varar i om lag ein time. Som alle andre ungdomsarrangement i Gapahuken, er konserten rusfri. 

Billettar

Billettar kan kjøpast på klubben eller på ticketco.no

Om Hagle

"Country-rap bandet Hagle kom som et skudd ut av Indre Østfold på tampen av 2020. Låtene handler om rånemiljøet og den lokale bygdekulturen der de vokste opp. Deres unike blanding av banjo og rap har blitt omfavnet av hele Norge. Bandets to første singler ble plukket opp av NRK-serien Rådebank, og deres fjerde låt Ærmen i kærmen suste rett inn på 17.plass på Spotify topp 50. Dette er musikk for deg med veteranbil og stort anlegg, som foretrekker tresko fremfor sneakers, og ikke har hørt om Lars Vaular."

Restart

Ungdomens kulturhus Gapahuken og Lydkåken Rockeverkstad samarbeider dette året om å få kulturscenen i Gapahuken til rulle igjen. Med midlar frå Norsk musikkråd si støtteordning Restart, vil det blir fleir ungdomskonsertar denne hausten og vinteren med m.a Hagle og fleire lokale band. Midlane frå Restart skal mellom anna nyttast til kursing av ungdom i ulike arrangøroppgåver ved konsertar og kulturarrangement, t.d. innan booking, promotering, konsertvertoppgåver, lyd/lys m.m.

Det skal også nemnast at ungdomsbandet Nasty Worms spelar konsert i Gapahuken 8.oktober, og at The Gamasamas held klubbkonsert 26. november. 

Magnus H. Linn, Tor Even Idstad, og Martin Gjelstad gjer klart til konsertFor meir info om konsertar og aktivitetar i Gapahuken, er det alltid oppdatert info å finne på www.facebook.com/ukgapahuken