Influensavaksinering 2021 (sesonginfluensa)

Vaksinering av risikogrupper skjer no i oktober. Har du luftvegsinfeksjon skal du ikkje møte.

Vaksinering mot sesonginfluensa er tilrådd for:

  • Gravide etter veke 12
  • Personer over 65 år
  • Vaksne og barn med alvorlege luftvegsjukdommar, spesielt personar med kroniske hjarte-/ karsjukdomar, spesielt dei med alvorleg hjartesvikt
  • Nedsett infeksjonsmotstand
  • Diabetes
  • Kronisk nyresvikt, leversvikt eller kronisk nevrologisk sjukdom
  • Kraftig overvekt

Vaksinering skjer ved oppmøte på Tingvang kl 16.00 – 17.00 (Bygdinvegen 1989 2940 Heggenes) på fylgjande datoar:

  • Onsdag 13/10 for dei med etternavn som startar på A-Q
  • Torsdag 14/10 for dei med etternavn som startar etternavn på R-Å

Har du legetime frå no og ut november vil du få tilbud om å få vaksina samtidig med legetimen. Pris 50 kr.

Har du frikort er vaksina gratis.