Influensavaksinering i Øystre Slidre 2020

Vaksinering av risikogrupper skjer no i oktober. Har du luftvegsinfeksjon skal du ikkje møte.

Vaksinering mot sesonginfluensa er tilrådd for:

  • Gravide etter veke 12
  • Personar over 65 år
  • Vaksne og barn med alvorlege luftvegsjukdommar, spesielt personar med kroniske hjarte/karsjukdommar, spesielt dei med alvorleg hjartesvikt
  • Nedsett infeksjonsmotstand
  • Diabetes
  • Kronisk nyresvikt, leversvikt eller kronisk nevrologisk sjukdom
  • Kraftig overvekt

Tid og stad for vaksinering

Vaksinering skjer ved oppmøte på Moatunet, kl.09.00 - 12.00. Moavegen 12, 2940 Heggenes.

22.oktober: dei som starter med etternamn A-Q

29.oktober: AVLYST!  det var planlagd vaksinering for dei som starter med etternamn R-Å. På grunn av stor pågang og begrensa tilgang på influensavaksine må vaksinering denne dagen avlysast. Ny dato vil kome.

Har du fått legetime frå no og ut november, vil du få tilbod om å få vaksina samtidig med legetimen. Pris kr.50.-

Har du frikort er vaksina gratis.

Kommuneoverlegen i Øystre Slidre

Adresse

Moatunet
Moavegen 11
2940 Heggenes