Informasjon frå kommunen i samband med oransje varsel om vind søndag kveld

NVE og MET har sendt ut nytt varsel om ekstremvær som gjeld Øystre Slidre kommune. Per 16. januar kl 1600 er det sendt ut varsel på oransje nivå når det gjeld vind, raudt nivå når det gjeld snøskred og gult nivå når det gjeld snøfokk. Dette kan endre seg.

Oppdatert varsling finn du på varsling.no.

Kva skjer ved bortfall av telefon?

Ved langvarig bortfall av telefon i store deler av kommunen vil Øystre Slidre Røde Kors etablere ein base for alternativ kommunikasjon (til hjelp ved fare for liv og helse) ved Øystre Slidre helsetun. Kommunen vil - så langt dette er mogeleg - informere på våre nettsider og Facebook-sider når ein slik base ev. blir etablert.

Dersom situasjonen skulle være slik at telefonnettet er nede, men internett er oppe, vil det kunne være mogeleg å bruke mange telefonar til telefonsamtaler over wifi. Korleis dette ev. skal gjerast vil avhenge av type telefon. Du finn nærare informasjon om dette her.

Generelle råd

Kommunen vil oppmode alle til å tenkje gjennom kva grep ein sjølv kan gjere for å ta vare på seg sjølv og dei rundt seg. DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) har utarbeida konkrete råd som du kan lese her.

Det er ikkje tida for å leggje ut på tur i fjellet desse dagane. Det er raudt varsel for snøskred.

Er det nokon som kan trenge din hjelp? Kanskje er det ein nabo eller slektning som treng hjelp til å strø vegen, eller til å forstå kva som er lurt å gjere? Ta ein ekstra kontakt.