Informasjon om Covid-19-hurtigtesting av barn i barnehage og skule for unntak fra smittekarantene

Frå 16.august vil helsestasjon og skulehelsetenesta hjelpe til med hurtigtestar av uvaksinerte personar under 18 år som er nærkontaktar (dvs. at dei har vore nærmare enn 2 meter frå ein smitta person i meir enn 15 minutt) for unntak frå smittekarantene. Denne rutina gjeld ved smitteutbrudd i kommuna.

Legekontoret/TISK vurderer og kontaktar aktuelle born for testing, og helsestasjon er klar for hurtigtesting kvardager kl 8.15 på parkeringen utanfor helsestasjon/legekontoret etter beskjed frå legekontoret.

Born som skal bli testa blir kjøyrt av foreldre/føresette og oppheld seg i bilen på parkeringsplassen utanfor helsestasjon og legekontoret. Testen blir gjennomført og det foreligger svar etter 15-20 minutt.

  • Test raskast muleg (dag 1). Ved negativt testsvar kan dei bli fritake frå smittekarantene. Dvs. dei kan gå i barnehage og skule som vanleg. Positiv test, legekontoret tek umiddelbart over.
  • Ungdomsskuleelever eller eldre: blir testa på dag 3 og dag 5. Ved fortsatt negativ test kan dei bli fritake frå smittekarantene.
  • Barnehage og barneskule: retest på dag 4. Ved fortsatt negativ test kan dei bli fritake frå smittekarantene.

Hurtigtesten blir ført inn i barnets journal via helsestasjon.