Informasjon om ordning med redusert foreldrebetaling for barnehageplass

Kommunen har to moderasjonsordningar for hushaldingar med låg inntekt; redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Redusert foreldrebetaling:
Kommunen har ordning for å tilby reduksjon i foreldrebetalinga for barnehageplass. Foreldrebetalinga skal utgjere maksimalt 6% av hushaldninga si samla personinntekt etter skattelova sin § 12 og skattepliktig kapitalinntekt, og vere avgrensa til makspris. Makspris for full plass i barnehage er frå 01.01.2018 kr.2 910.- pr.månad,  kostpengar kjem i tillegg.

I 2018 gjeld ordninga for familiar som har ei samla inntekt som er lågare enn kr.533 500.- pr. år.

Gratis kjernetid
Alle 3-, 4- og 5-åringar, som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr.veke. Retten gjeld også barn med utsatt skulestart.

  • Frå 01.08.2017 gjeld ordninga med gratis kjernetid for hushaldingar som har ei samla inntekt som er lågare enn kr.450 000.-.
  • Frå 01.08.2018 gjeld ordninga med gratis kjernetid for hushaldingar som har ei samla inntekt som er lågare enn kr.533 500.-.

Søknadsfrist
Søknadsfrist for barnehageåret 2018/2019 er 10.mai. Eit vedtak om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid gjeld normal for eit barnehageår, ein må søke på nytt for kvart barnehageår.

Ved oppstart midt i eit barnehageår, kan søknad sendast inn i forkant av oppstart.

Lenke til meir informasjon om ordningane og søknadsskjema finn du her.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 55