Informasjon om vaksinering

Klikk for stort bileteØystre Slidre kommune mottek kvar veke eit visst antall vaksinedoser av Comirnaty/Pfizer, desse blir no gitt til personar som fell i kategori 4, 5, 6 og 7. For å sjå nærmare forklaring på kategoriane, sjå her.  Nokre av dykk fekk spørsmål i desember 2020 om dykk ynskte vaksine. 

Korleis blir eg varsla om vaksinering?

Personer som er folkeregistrerte i kommunen og som har takka ja tidlegare vil få tilsendt sms med innkalling og lenke til svaralternativer. Kommunen har valt å bruke tenesta varsling24 for å kalle inn. Du svare via lenke i mottatte sms innen angitte svarfrist.

Når blir det vaksinering?

Ditt oppmøtetidspunkt står i tilsendt sms. Hovudsakleg vil vaksinering føregå om ettermiddagen.

 

Alternativ 1 – Ja, eg kjem
Vel du dette alternativet kjem du til vaksinering på Tingvang til oppsatt tid. Du vil så bli revaksinert om 6 veker. 

Alternativ 2 – Eg kan ikkje denne dagen  
Vel du dette alternativet vil du bli innkalt til vaksinering seinare. Når det blir kan me ikkje svare på, truleg går det 1-2 veker til du blir kalla inn igjen. 

Alternativ 3 – Eg har alt blitt vaksinert mot Covid-19. 

Så heldig du er! Då notere me det og vil ikkje kalle deg inn igjen seinare. 

Alternativ 4 – Nei, eg ynskjer ikkje å bli vaksinert 
Det er heilt i orden. Då notere me det og vil ikkje kalle deg inn igjen seinare. Skulle du ombestemme deg, er det fint om tek kontakt pr. telefon. 

Me anbefaler på det sterkaste at alle som blir kalt inn møter til vaksinering.

 

 

Kva om eg ikkje kan svare med ein gong?

  • Du svare via lenke i mottatte sms innen angitte svarfrist og velje eit av alternativa der.
  • Dersom du ikkje har smarttelefon eller ikkje får lenka til å virke, må du ringe 61 35 25 12 og registrere svaret ditt der. Det er kun mogleg å ringe inn svar mellom kl.8-16 kvardagar.

Har du svart riktig skal det sjå slik ut: 
Klikk for stort bileteSvar registrert i app   
 

Kva må eg hugse på?

Du skal ha god allmenntilstand. Blir du forkjøla eller liknande må du ringe og gi beskjed til kommunen, 61 35 25 12. Du vil bli kalla inn til ny time når du er frisk att.

  • Bruk munnbind når du kommer til vaksinering.
  • Du skal sitte til observasjon i 20 minutt etter vaksinering.
  • Hugs å hald meter`n.

Kvar skal eg møte opp?

  • Vaksinering går føre seg i Storsalen på Tingvang, inngang på baksida

Klikk for stort bilete

Har du helserelaterte spørsmål?

Eller lure på om du fell innafor kategori 5, 6 og 7?
Ta kontakt med legekontoret på 61 35 29 00

Har du spørsmål til innkallinga eller ynskjer å svare per telefon?

Ta kontakt med kommunen på 61 35 25 12/61 35 25 55.