Innspelsrunde - ny "idrettshall" i Øystre Slidre

Kommunen skal vurdere behovet for etablering av ein ny idrettshall i kommunen. No kan du koma med innspel til saka.

Illustrasjonsbilde idrettshall - Klikk for stort bilete Privat

Øystre Slidre kommune har sett i gang eit arbeid for å kartlegge behovet for ein ny innandørsarena for idrett og fysisk aktivitet i kommunen. Arenaen, som også kan omtalast som «idrettshall» eller «aktivitetssal», er tenkt plassert sentralt i kommunen, og forslagvis i nærleik av ungdomsskulen.

Prosessen er forankra i kommunen sin Oppvekstplan for 2023-26, der ei behovsvurdering med forslag til utforming, plassering og kostnadsoverslag skal vere klar på vårparten i 2024.

I førre veke vart det sendt ut e-post til frivillige lag, foreiningar og andre brukarar av dagens arenaer, der dei vert invitert til å koma med innspel til saka. Me har eit sterk ynskje om brei deltaking, der me får høve både til å gjere oss opp eit godt statusbilete av kva arenaer me har i dag og korleis desse fungerer, men og til å finne ut kva for ynskjer, moglegheiter og behov me ser i ein ny arena, og korleis denne kan vere med å sikre gode idretts- og aktivitetstilbod også i framtida.

Kommunen er oppteken av å gjere ei grundig behovsvurdering. I fyrste omgang er målet å kartlegge kva behovet er, og å avgjere om det faktisk er eit behov. Innspela som kjem inn vil samla sett utgjere behovsgrunnlaget, som i stor grad vil vere førande for kva type arena det vert aktuelt å jobbe vidare med.

For breiast mogleg medverknad, er me opne for at alle kan koma med innspel til saka, også privatpersonar. Innspelet sendast kommunen per brev til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes, eller i e-post til post@oystre-slidre.kommune.no. Svarfrist er 27.oktober 2023. Merk innspelet med sak 23/967.

For meir info eller spørsmål, kontakt kulturansvarleg for idrett, Øystein Skattebu, på 41 22 28 40 eller oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00
Øystein Skattebu
Kulturskulerektor og avd. leiar ung kultur
E-post
Mobil 41 22 28 40