Julehelsing frå ordføraren

Kjære alle saman!
Julefeiringa i år blir og ei høgtid der vi må ta omsyn til Covid-19 med munnbind, avstand og redusert sosial kontakt. Koronaen har vore ein del av kvardagen vår snart i 2 år, og i 2021 har også vi i Øystre Slidre måtte gjera eit nærare kjennskap med Covid -19. Eg er imponert over korleis vi saman har take tak og gjennomført tiltaka som er kome for å få bukt med smitteutbrota her i vår kommune. Det å sjå at vi visar omsyn til kvarandre er ein viktig eigenskap, ikkje berre under pandemiar og smitteutbrot.

Men heldigvis har året 2021 ikkje berre vore korona. Vi har vist evne til å tilpasse oss å sjå muligheiter når vi har støytt på hinder. Det er mange yrkesgrupper som har måtte tenkje annleis, sjå nye muligheiter og tilpasse kvardagen etter restriksjonar og påbod. Tusen takk til dykk som står i det, og ser framover!

Det har skjedd mange positive ting i vår kommune som både er, og kjem til å vera til glede for alle, mange, eller dei færraste av oss.  Vi har eit mangfald av tilbod og aktivitetar både på kommunenivå og frå lag og organisasjonar, der vi har møteplassar på tvers av alder, kjønn, interesse og kunnskap. Dette har sjølvsagt no til tider vore vanskelegare å vera med på under pandemien, men det er viktig at vi når samfunnet opnar opp att, blir flinke til å nytte møteplassar og samlingspunkt til å vera saman att å sjå kvarandre.

Ein anna positiv ting med å bu i Øystre Slidre anten som fastbuande enn deltidsinnbyggar gir oss også ei unik moglegheit til å nytte og nyte det naturen gir oss. Dette har og er for mange påfyll i kvardagen året rundt, der vi kan nytte nærområdet vårt, eller legge ut på både større og lengre ekspedisjonar og turar. Tusen takk til dykk som legg til rette for at vi kan nytte oss av desse tilboda , der dette trengst.

No er adventstida snart over, og jula står for tur. Advent er ei tid med forventning opp mot noko som skal skje. Kva slags forventingar vi har, vil variere for kvar og ein av oss. Men eg håpar at vi alle kan ha ei juletid der vi kan få oppfylt noko av forventingane vi har for jula.

Så håpar eg at 2022 blir eit år då vi kan få eit mindre fokus på Covid -19, og at kvardagen kan bli meir som normalen. Alle har vi sikkert ting vi ser fram til når denne tida kjem att, anten på det private plan eller når det gjeld arbeidssituasjonen vår.

Med eit lite tilbakeblikk på 2021 og eit håp for 2022, vil eg med dette ynskje dykk ei retteleg God Jul og eit Godt Nytt år!

Odd Erik Holden
ordførar