Kommunen ynskjer kreative innspel

Hjelp oss å utvikle Furustrand som friluftsområde. Øystre Slidre kommune har som mål å utvikle Heggenes som sentrumsområde i kommunen.

Klikk for stort bileteLiv, Kari og Øystein frå kulturavdelinga treng hjelp til å etablere eit nytt og allsidig Furustrand. I prosessen med utarbeiding av eit moglegheitsstudie for Heggenes-Tingvang, våren 2020, kom det tydeleg fram at Furustrand er eit viktig tilbod for innbyggjarane i kommunen.

Administrasjonen har med utgangspunkt i studien sett i gang eit arbeid for å vidareutvikle friluftsområdet ved Heggefjorden. Nore tiltak vart gjort i sumar, med tilrettelegging for meir parkeringsplassar og opprusting av sandvolleybanen og badestranda. No i haust skal det gamle gule huset rivast.

Kommunen planlegg no ei fornying av Furustrand. I den anledning ynskjer me å få innspel på kva funksjonar og tilbod friluftsområdet bør innehalde i framtida. Enkeltpersonar, lag og foreiningar er velkomne til å koma med innspel både på aktivitetar, anlegg og funksjonar de meiner bør vere på Furustrand. 

Det viktigaste for oss er å halde på den funksjonen Furustrand har som friluftsområde om sumaren, men me ynskjer å utvikle området på ein måte som fører til større bruk på tvers av alle aldersgrupper, som er tilgjengeleg og tilpassa for alle uansett funksjonsevne, og som bidreg til at området i større grad kan nyttast heile året.

Øystre Slidre kommune ynskjer innspel frå enkeltpersonar, næringsliv og organisasjonar på aktivitet, anlegg og funksjonar de meinar bør vere på Furustrand. Alle innspel er velkomne. 

Send ditt bidrag i e-post til post@oystre-slidre.kommune.no innan 27.november 2020